Generelt om SØK                                                                      

 SØK er eit partlag i hovudsak eigd av kundane i forsyningsområdet som er Skånevik - Åkrafjorden og Ølen kommune. Selskapet driv med overføring, omsetjing av elektrisk kraft og utbygging av fibernett til bedrifter og private. Selskapet har 14 tilsette, 3.500 nettkundar og 300 fiberkundar. Omsetninga er 50 mill. kroner. Hovudkontoret er i Skånevik i Etne kommune med avdelingskontor i Ølen i Vindafjord kommune.  
  Alle eigarar av fast eigedom, som er registrert i Folkeregisteret med fast bustadadresse innan partlaget sitt forsyningsområde, selskap som i følgje Føretaksregisteret har hovudkontor innan partlaget sitt forsyningsområde, eller kommunar innan partlaget sitt forsyningsområde som ynskjer tilkopling til laget sitt nett, må verte medlem av laget.  Eigarar av fritidshus er ikkje medlem av laget.  Parteigarar som ikkje oppfyller desse vilkåra på dagen for årsmøtet, har ikkje stemmerett.

Årsmøtet har til oppgåve å velje valnemd og representantar til representantskapet.  I tillegg vel årsmøtet utsendingar til Sunnhordland Kraftlag AS sitt årsmøte og tilrår representant og vararepresentant til representantskapet i Sunnhordland Kraftlag AS.

Representantskapet vel styret.  Eit representantskap og styret leiar laget.  Everksjefen er dagleg leiar etter instruks av styret og står føre dei daglege gjeremål.


Vi støttar idretten - Ølen Idrettslag

Organisasjonsplan for SØK


Kraftliner nettopp lagt av SØK langs den nye E134 i Åkrafjorden - Rullestad - Wintertun

Energiutgreiing 2009 for Etne med referat frå møte og Energiutgreiing 2009 for Vindafjord med referat frå møte.
 Årsmelding 2009 for SØK

Ekstraordinært årsmøte torsdag 23. september 2010  kl. 19.00. 

   
La banken betale dei faste rekningane dine på forfallsdagen.  Bruk AvtaleGiro - det er lønsamt! Me tilbyr nå våre kundar efaktura.