SØK
satsar på breiband til sine nettkundar
Enkelt
sagt er “breiband” ein fellesnemnar for løysningar som gjør det mogleg å
overføre bilde, lyd og data i høg fart og med høg kvalitet gjennom ein
og same kommunikasjonskanal.
Skånevik Ølen Kraftlag
vil bygga ut fiberinfrastruktur
som sin
kommunikasjonskanal
i SØK sitt konsesjonsområde og leverer
breibandstenester som:
Internett
Telefoni
TV
Film
Lagring
SØK samarbeidar med Lyse Tele og
Haugaland Kraft om
å levera desse tjenestene.
Produkta har felles produktnamn og logo:

Som
breibandskunde hos SØK kan du få desse produkta:
Internett
10/10
Mbps eller 30/30 Mbps og 50/50 Mbps.
Ved val av Triple-Play
(Internett, TV og Telefon i ei pakke)
er det ein fast månadspris med fri bruk
teljarsteg inntil 59 minuttar pr.
telefonsamtale
til
fasttelefon i Noreg. Internt i nettet til SØK
vil det vera fri bruk av teljarsteg på telefon.
Interaktivt
Digital TV med mange valmoglegheiter.
Leige av film
når det passar deg.
Fiberoptisk
breiband ++
Det er ikkje
tilfeldig at me har satt to plussteikn etter breiband. Det er nemleg
blant Nordens beste. Både hastigheiteten og innhaldet i pakken vår kan
trygt samanliknast med det
andre aktørar tilbyr i same prisklasse. Du kan velja mellom ulike pakkar,
der blant anna netthastigheit og tal på TV-kanalar varierer.
Rimeleg
Ikkje nok med at
kvardagen blir enklare og morsommare – den kan bli billigare også, for
deg som surfar ein del. Prisen pr. månad er nemlig fast. Dermed kan du
med god samvit verkeleg bruke Internett.
I tillegg vil fibertilknytinga gje ein meirverdi på bustaden din.